QuadPodden
QuadPod er ein spennande ny podkast dedikert til Quad racing, ein populær gren innan motorsport. Her diskuterer vi alt frå tekniske aspekt til spennande konkurransar og personlege historier frå utøvarar.
QuadPodden
Små hjul, store drømmer – Barneklassane tar ordet! - Episode8 S1
I denne episoden av Quadpodden får du høyre rett frå dei yngste stemmene i sporten – gjestar frå barneklassane 3 og 4 deler sine opplevingar frå sommarens BGT Norgescup-løp på Skaun. Med entusiasme fortel dei om korleis det var å køyre på bana, det sosiale rundt løpa, og den interne konkurransen som gir ekstra fart i svingane. Dei eldste i gruppa ser allereie fram mot Junior-klassen – og framtida i sporten!
🎧 Episoden skulle ha vore ute for lenge sidan, og det må vi berre beklage. Men kanskje den kan vere akkurat det du treng på vegen mot NM-helga på Notodden? Quadpodden er sjølvsagt på plass og satsar på ny innspeling der – så følg med!
Ein stor takk til våre sponsorar: Døskeland Marine, Jahrmann Motorteknikk og BGT Motorsport – de gjer det mogleg å løfte fram dei unge stemmene i sporten!