QuadPodden
QuadPod er ein spennande ny podkast dedikert til Quad racing, ein populær gren innan motorsport. Her diskuterer vi alt frå tekniske aspekt til spennande konkurransar og personlege historier frå utøvarar.
QuadPodden
NM på Notodden Episode10 S1
I denne episoden får du ein kort oppsummering frå norgesmeisterskapet på Notodden, der vi har med oss dei ferske norgesmeistrane: Christopher Tveråen i Open A-klassen, Silje Granli i dameklassen og Oskar Briskelund i juniorklassen. Dei deler sine tankar om meisterskapen, løpa og vegen vidare.
Episoden vart dessverre ikkje publisert tidlegare grunna ein teknisk feil med opptakeren, som resulterte i feil dato og tid på innspelinga. Den vart uheldigvis datert til 2021, og dette vart ikkje oppdaga før no. Beklagar forsinkinga.
Quadpodden er no på veg til Nederland for å følgje Quad Of Nations, der Christopher Tveråen, Lars Holmen og Tarald Hellebust skal representere det norske landslaget. Følg med vidare for oppdateringar frå internasjonalt nivå.
Vi takkar våre sponsorar: Jahrman Motorteknikk, Døskeland Marine og BGT Motorsport – de gjer det mogleg å løfte sporten og dekninga vidare.