Langs Vegen No

Odd Gunnar Bjørung. Del 2: -Ein podkast om det som verkeleg betyr noko.

Nettavisa Langsvegen.no Season 1 Episode 14

Ein prat om det som verkeleg betyr noko – med Odd Gunnar på Beitostølen

Denne podkasten startar med eit enkelt, men sterkt spørsmål frå veninnene hans ein januardag i 2021: "Kva er draumane dine, Odd Gunnar?"
Det blir starten på ei reise gjennom både tankar, kjensler og livsval – fortald med varme, glimt i auga. Og som alltid: det kjem gullkorn – mange av dei.

I denne andre delen får du høyre om kvifor han valde å flytte til Beitostølen, boka han har skrive som får folk til å gå ned i vekt utan slanking, og kvifor det er så viktig for han å aldri dømme andre.
Odd Gunnar les dikt som betyr mykje for han, snakkar om ungdomar som har gjort sterkt inntrykk, "Team Pølsa", og delar ei ærleg bekymring: Kanskje kjem vi til å ete og drikke oss i hel før klimaet tek oss.
Og midt oppi alt – Lyskapellet på Beitostølen Helsesportsenter og bønna til Frans av Assisi, som har fått ein heilt spesiell plass i livet hans.

 #OddGunnarFortel
 #EkteMenneskemøte
 #LivetPåBeitostølen
 #GullkornOgDikt
 #FraDrømTilVirkelighet
 #MatMedMeining
 #SlankUtenSlanking 

Langs Vegen No. Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.

People on this episode