Langs Vegen No.

Caroline Synvis: Ny plate, nye tonar – og mykje på hjartet

Season 1 Episode 26

Det blir stas på Fagernes 5. september! Då kjem Caroline Synvis frå Vestre Slidre med ny plate. Lørdag 6. spelar ho konsert i Trykkeriet. I podkasten Langs Vegen No pratar ho med redaktør Roy Myrland om livet, opplevingane og musikken.

I podkasten Langs Vegen No fortel Caroline meir om seg sjølv, bakgrunnen sin, og opplevingane som har forma musikken hennar. Samtalen med Roy Myrland gir eit nært og personleg bilete av kven ho er – og kvifor musikken hennar treff så mange.

Caroline Synvis er godt kjent for mange i Valdres. Gjennom åra har ho gjeve oss songar som er både jordnære, ærlege og lette å kjenne seg att i. No er ho klar med eit heilt nytt album, som ganske enkelt heiter «Caroline».

På denne plata viser ho ei ny side av seg sjølv. Musikken er meir rocka og røff enn før – men tekstane er framleis på norsk, og handlar om ting vi alle kan kjenne att frå kvardagen og livet.

– Songane tek opp meir av det som skjer rundt oss, ikkje berre mitt eige liv. Men det er likevel erfaringar eg trur mange kan kjenne seg att i, seier Caroline.

Ho har med seg Lars Skattebu på bass, Simen Motrøen på slagverk og Susanne Engelmann på cello. Saman har dei laga eit lydbilete som gir Caroline eit nytt og modigare uttrykk.

Plata kjem ut 5. september – sjekk ut der du lagrer og strøymer musikk. Og klemmer: på kvelden lørdag 6. blir det platekonsert i Trykkeriet på Fagernes.

 

Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.