Langs Vegen No.
Valdres og Jotunheimen er kjerneområdene nettavisa Langsveien.no dekker. Både nynorsk og bokmål brukes som skriftspråk.
Stadig publiseres artikler og videoer fra andre steder i landet også. Etter 18 år publiseres nå Langsveien.no sin egen podcast. Gud fornøyelse. Med vennlig hilsen Roy Myrland, eier og redaktør.
Langs Vegen No.
Øystein Rudi frå Skammestein – ein løysingsorientert gledesspreiar i fjellbygda
På verkstaden til Beitostølen Maskin og Transport A/S er det både liv og latter når Øystein Rudi frå Skammestein i Øystre Slidre tek imot Langsvegen.no og Roy Myrland til ein triveleg prat i podkasten «Langs Vegen No».
Øystein er ein kar som har hatt hendene fulle heile livet – med både landbruk, maskinar og transport av folk og masse. Humøret og positiviteten hans er det få som kan måle seg med, og i ordforrådet hans finst korkje problem eller utfordring – berre løysingar.
På verkstaden er han i sitt rette element, omringa av oljelukt, verktøy og gode kollegaer. Der trivst han best, med latteren på lur og arbeidslysta i høgste gir.
I tillegg har Øystein eit varmt og personleg forhold til fjellfolket mellom Tyin, Beitostølen og Sjodalen er folk han kjenner og set stor pris på. Fylkesveg 51 kjenner han meter for meter, og historier frå fjellvegen kjem som perler på ei snor når praten rullar.
Høyr intervjuet med den blide og drivande karen i podkasten «Langs Vegen No» – ei episode full av ekte arbeidsglede, lune historier og godt fjellfolk-prat frå hjartet av Valdres.
Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.