Langs Vegen No.
Valdres og Jotunheimen er kjerneområdene nettavisa Langsveien.no dekker. Både nynorsk og bokmål brukes som skriftspråk.
Stadig publiseres artikler og videoer fra andre steder i landet også. Etter 18 år publiseres nå Langsveien.no sin egen podcast. Gud fornøyelse. Med vennlig hilsen Roy Myrland, eier og redaktør.
Langs Vegen No.
Møte med Torodd Lybeck: -Et liv med folk, natur og historie.
Torodd Lybeck er ein kjend skikkelse i Valdres – fødd og oppvaksen i Etnedal, og busett store delar av livet i Nord-Aurdal. Som lærar, frilansjournalist og kulturarbeidar har han følgt folk, natur og tradisjonar i dalføret tett gjennom heile livet. Han har skrive fleire bøker om Valdres, mellom anna «222 fossar i Valdres» og «Brøtningsdammane – kulturhistoriske monument i Drammensvassdraget», begge gjevne ut på Kvitvella Forlag – eit forlag eigd av Valdres Mållag.
Friluftsliv har alltid vore ein viktig del av livet hans – både på sykkel, ski og til fots. Torodd har sprunge maraton, gått milevis i fjellet og let gjerne naturopplevingane inspirere arbeidet sitt som forfattar og formidlar. Han har òg i fleire år vore leiar for Vennelaget ved Valdres Folkemuseum, der engasjementet hans for lokal kultur og historie har kome tydeleg til uttrykk.
Torodd er dessutan oppteken av målsaka og språkets plass i kulturen. Han meiner det er viktig å ta vare på dialektane, og synest det er trist at mange av dei er i ferd med å forsvinne.
I denne podkastepisoden møter han redaktør Roy Myrland i studioet til Gjensidige Valdres på Fagernes. Samtalen handlar om livet i Valdres, om natur og menneske, og om kvifor engasjementet for språk, kultur og tradisjon framleis driv han vidare.
Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.