Langs Vegen No.
Valdres og Jotunheimen er kjerneområdene nettavisa Langsveien.no dekker. Både nynorsk og bokmål brukes som skriftspråk.
Stadig publiseres artikler og videoer fra andre steder i landet også. Etter 18 år publiseres nå Langsveien.no sin egen podcast. Gud fornøyelse. Med vennlig hilsen Roy Myrland, eier og redaktør.
Langs Vegen No.
Hanna Gjeilo Skjåkødegård. -Vilje, verdiar og vidaregåande skule.
Det er ikkje kvar dag ein møter menneske som både har doktorgrad, dugnadsånd og kampvilje nok til å flytte fjell – eller i det minste redde ein vidaregåande skule. I denne podkasten møter du Hanna Gjeilo Skjåkødegård frå Skjåk i Gudbrands dalen, kvinna som stod i første rekke då kampen for vidaregåande opplæring i Lom verkeleg tok til.
Med di hjelp kan vi fortelje fleire viktige historier – i podkast, video og tekst. Gå vidare her.
Medan skulekampen har rasa, har Hanna vore busett i Bergen. No har ho teke med seg både ektemannen Vetle og døtrene Frida og Maria, og flytta heim att til Skjåk. Familien bur mellombels i ein bustad eigd av Skjåk kommune, ein del av ordninga der folk kan få «prøvebu» i bygda i inntil tre år. Men her er det ingen tvil: Hanna skal ikkje prøvebu. Ho og familien skal bli – så snart huset dei byggjer står ferdig.
Saman med TAFI – Tverrfagleg arbeidsgruppe for framtidsskulen i Innlandet, og ei rekkje andre gode krefter, har ho vore med på å samle inn over 65 millionar kroner til det som i dag heiter Jotunheimen Privatistskole. I podkasten får Hanna òg besøk av sambygding Aud Hove, gruppeleiar for Senterpartiet i Innlandet fylkeskommune. Ho har med seg ei gåve av det heilt unike slaget – ei helsing som seier mykje om kva slags menneske Hanna er.
Samtalen er spelt inn i Smiu på Bismo i Skjåk, der redaktør Roy Myrland i nettavisa Langsvegen.no både intervjuar og har produsert podkasten. Undervegs blir det både sist, alvor og refleksjonar om bygdekraft, politikk, barn og framtid. Hanna har nemleg også doktorgrad frå Det medisinske fakultetet ved Universitetet i Bergen, og arbeider i dag som postdoktor og forskar innan vekt og spiseforstyrringar hos barn og unge.
Podkasten er produsert med annonsestøtte frå: Thorstein Brun og Brun Bygg A/S, Harald Rune Øvstedal og Gjendebåtene, samt Bernt Jo Vole i Visit Bessegen og Gjende.
Sjå og høyr heile podkasten – dette er bygdehistorie medan ho blir til.
Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.