Telemarkpodden

UNNI BENDIKSEN: Åmdals Verk gruver er 254 år med slit og samhald

May 01, 2019 Unni Bendiksen & Styrk Fjærtoft Season 2 Episode 15
Telemarkpodden
UNNI BENDIKSEN: Åmdals Verk gruver er 254 år med slit og samhald
Show Notes

ÅMDALS VERK GRUVER: Unni Bendiksen tek oss med inn i gruva og den 254 år lange gruvehistoria på Åmdals Verk! I 1912 jobba og sleit 429 menn og kvinner ved koparverket som bygde sin eigen by og gjorde fjellbygda urban. – Eg bøyger meg i støvet og blir stille og andektig når eg veit korleis dei jobba her for å klare seg sjølve og byggje landet, seier Unni som har skrive fleire bøker om gruvehistorien som heldt på frå 1691 til 1945. Som omvisar er Unni glad for å gi nye generasjonar innsikt i korleis folk har levd, budd, virka og slite for at me kan ha det så godt i dag! Vert: Styrk Fjærtoft