Telemarkpodden

MONICA SØLYST: Hamaren Aktivitetspark er fristad og folkehelse

October 09, 2019 Monica Sølyst & Styrk Fjærtoft Season 2 Episode 37
Telemarkpodden
MONICA SØLYST: Hamaren Aktivitetspark er fristad og folkehelse
Show Notes

HAMAREN AKTIVITETSPARK: – Folk i Førsdal er stolte av Hamaren Aktivitetspark! Bygda har i sanning vore med på dugnad gjennom idéar, fysisk arbeid og ikkje minst bruk! Prosjektleiar Monica Sølyst er strålande nøgd med at så mange – både bygdefolk og tilreisande – flittig brukar den populære sentrumsparken som sto ferdig i mai 2017. – Hamaren er eit friluftsområde for alle – ein tur som alle kan bli med på langs og over vatnet! Rett og slett ein fristad som gir god folkehelse både fysisk og psykisk! No heiar prosjektleiar Monica på at gratistilboda utekjøken og grillhytte skal bli bruka meir! Så solid suksess er Hamaren Aktivitetspark at det alt no er klart for neste fase med spennande utviding i Fyresdal! Vert: Styrk Fjærtoft