
Avdeling T
Velkomen til Avdeling T – ei hemmeleg avdeling i regjeringa, som berre statsministeren og få andre veit om. Ho jobbar for at bokverder ikkje kjem ut av kontroll. For det ingen veit, er at alt forfattarar skriv faktisk vert til verkelegheit. Av og til kan historiene bli rastlause og vil ut på eige eventyr, og då oppstår det ulike tåkefenomen. Då må Meister T, agentane hennar og forfattarane av bøkene rykkje ut for å ordne opp.
Avdeling T er ein podkast for og med born produsert av Nynorsk kultursentrum.
Avdeling T
Mysteriet i Kobbs hus
Agentane reiser inn i boka Kobbs hus – der det luktar sjø, kaninar hoppar baklengs og eit heilt hus har klikka! Forfattar Thoralf Fagertun treng hjelp – klarer Meister T og agentane å redde historia med eit ord ingen har høyrt før, ei kjensle utan namn og ein lyd som ikkje finst?