Avdeling T
Velkomen til Avdeling T – ei hemmeleg avdeling i regjeringa, som berre statsministeren og få andre veit om. Ho jobbar for at bokverder ikkje kjem ut av kontroll. For det ingen veit, er at alt forfattarar skriv faktisk vert til verkelegheit. Av og til kan historiene bli rastlause og vil ut på eige eventyr, og då oppstår det ulike tåkefenomen. Då må Meister T, agentane hennar og forfattarane av bøkene rykkje ut for å ordne opp.
Avdeling T er ein podkast for og med born produsert av Nynorsk kultursentrum.
Avdeling T
I spora til Katten og Kråka
Use Left/Right to seek, Home/End to jump to start or end. Hold shift to jump forward or backward.
Når vêrmaskina hostar opp teikneseriebobler, skjønar Avdeling T at noko er heilt feil. Snart står dei i skogen til Katten og Kråka – med ein fortvila forfattar, Arild Torvund Olsen, og ei historie som har rota seg til. Draken er på feil plass og nokon må få orden i kaoset. Men klarer agentane å fikse historia før draken finn dei?
Studio: Top of Mind AS.
Makkekor: Songria.