Avdeling T
Velkomen til Avdeling T – ei hemmeleg avdeling i regjeringa, som berre statsministeren og få andre veit om. Ho jobbar for at bokverder ikkje kjem ut av kontroll. For det ingen veit, er at alt forfattarar skriv faktisk vert til verkelegheit. Av og til kan historiene bli rastlause og vil ut på eige eventyr, og då oppstår det ulike tåkefenomen. Då må Meister T, agentane hennar og forfattarane av bøkene rykkje ut for å ordne opp.
Avdeling T er ein podkast for og med born produsert av Nynorsk kultursentrum.
Avdeling T
Trollmoll på frifot
Medan stormen rasar ute pyntar Avdeling T til jul – heilt til eit gløymt tåkeglas dukkar opp i ei av kassene. Meister T og agentane får det travelt og hamnar fort i ei historie full av spenning, mystikk og eit skummelt trollmoll! Saman med forfattar Åshild Moldskred prøvar dei å hindre at det gamle og grufulle trollmollet slepp fri. Klarar Avdeling T å redde både historia og jula?
Merk: Boka "Trollmoll" av Åshild Moldskred kan opplevast som skummel for nokre aldersgrupper.
Studio: Top of Mind AS.