Avdeling T
Velkomen til Avdeling T – ei hemmeleg avdeling i regjeringa, som berre statsministeren og få andre veit om. Ho jobbar for at bokverder ikkje kjem ut av kontroll. For det ingen veit, er at alt forfattarar skriv faktisk vert til verkelegheit. Av og til kan historiene bli rastlause og vil ut på eige eventyr, og då oppstår det ulike tåkefenomen. Då må Meister T, agentane hennar og forfattarane av bøkene rykkje ut for å ordne opp.
Avdeling T er ein podkast for og med born produsert av Nynorsk kultursentrum.
Avdeling T
Alien i klassen
Det er ingenting å gjere i Avdeling T. Alt er kjedeleg og Meister T synest det minner om eit anna tilfelle då alt var så bratt. Ho forklarar agentane kva det var – og brått skjer det noko! Avdeling T hamnar i eit klasserom der dei møter forfattar Vegard Markhus, og må hjelpe han med å rydde opp i UFO-kaoset og gjere bokverda stabil igjen. Klarar Avdeling T å løyse mysteriet før historia snurrar heilt ut av kontroll?
Studio: Top of Mind AS.