Tidsskriftet Jaja

Aminas sang

Tidsskriftet Jaja Season 1 Episode 6

Use Left/Right to seek, Home/End to jump to start or end. Hold shift to jump forward or backward.

0:00 | 4:00

Minneverket Aminas sang er laga til minne om Amina Sewali og publisert på Aminas bursdag 23. juni.

Kort tid etter at Sarah Camille Osmundsen takka ja til å lage eit lydverk til nettutgåva av Tidsskriftet Jaja, Makt, mål og mæle - munnleg forteljekunst før og no (1-26), døydde hennar nære venninne og kunstnarkollega Amina.

Sewali var musikar, artist, komponist, forfattar og skodespelar. Ho vert skildra som ein grensesprengande kunstnar, som vart lagt merke til frå ho var tenåring. Ho har medverka i ei rekkje scenekunstproduksjonar, og har stått på dei største scenene i landet. Boka hennar, «Hør´a dagbok!», vart nyleg lagt inn i Utdanningsdirektoratets rettleiande innhaldsliste til læreplan i norsk. 

Sarah Camille seier om verket: 

«Eg kjende på at denne songen og teksten måtte bli til, før eg kunne gå vidare med å skrive andre songar og forteljingar. Minneverket handlar om Amina, om vårt venskap og korleis vi saman fann vår stemme. Og så handlar det om sorga og korleis Amina held fram med å vere del av mi forteljing. Ho vil fortsetje å inspirere komande generasjonar til å tore å vere seg sjølv og ta plass med si unike røyst.»

Tekst og melodi : Sarah Camille
Gitar og produksjon : Jørn Erik Ahlsen Alkanger 

Les Jaja på tidsskriftetjaja.no.

Jaja er eit norsk tidsskrift om og med forteljekunst, som skal få fram meir allsidige forteljingar frå bygd og by. Utgjevar er Jakob Sande - senter for forteljekunst.