.jpg)
Eder & Galle
Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte tek deg med på ein innsiktsfull og engasjerande reisa gjennom Bryne FK og OBOS-ligaen. Dei vil ikkje berre dekkja Bryne FK, men også dykka inn i dei største og viktigaste hendingane i norsk fotball generelt.
Eder & Galle
Håp, tru og kaos. Me elskar OBOS-ligaen
Denne veka kjem Eder & Galle med to episodar, ein på måndag og ein på den vanlege dagen vår, torsdag. Runden kjem tett, og vi er klare til å halde tritt!
I måndagens episode dykkar vi inn i hendingane frå helga. Aalesund tok med seg motorsaga til Kongsvinger og laga kaos, Start klamrar seg til håpet om overleving, og Raufoss er verkeleg i fyr og flamme med forma si.
Vi oppsummerer heile runden, tek for oss den spennande toppkampen på Jæren, og sjølvsagt ser vi fram mot den komande runda. Dette blir ei innhaldsrik veke med mykje fotballsnakk!
Følg med på både i dag og torsdag for å få med deg alt!