Edder & Galle
Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte tek deg med på ei engasjerande og innsiktsfull reise gjennom Bryne FK. I denne vekelege podkasten set duoen fokus på klubben – både på godt og vondt. Dei analyserer kampane, deler erfaringar, og har spennande gjester. I tillegg tek podkasten opp tema som er viktige for lytterne, og dei er alltid ute etter spørsmål og innspel frå lytterne om kva dei ønskjer at skal bli tatt opp i episodane.
Episodes
98 episodes
Farvel, spøkelse!
I denne episoden av Edder & Galle kan studio endeleg puste letta ut. Bryne har vunne på Øster Hus Arena, og det som lenge har vore omtalt som spøkelset, er endeleg dødt og begravd. Det er sjølvsagt stor glede i studio og blant alle andre so...
Skal forbanninga på Øster Hus ende no?
I vekas episode av Edder & Galle er det god stemning. Spissdebut med scoring gav verkeleg optimismen eit løft, og plutseleg ligg vi nærare kvalik enn nokon gong før.Men sigeren mot Moss gav ikkje berre glede. Ein spiss gjekk ned for ...
Stabilt ustabile og heilt passe optimistiske
I dagens episode av Edder & Galle går me gjennom kampen mot Sogndal. Det vart tre poeng i Saftbygda, og me kan så smått byrje å sjå oppover på tabellen, sjølv om me er einige om at Bryne kanskje er stabilt ustabile.Det har kome inn m...
Energilaust, bannerdebatt og overgangsprat
I dagens episode er noko av det tekniske utstyret vårt minst like energilaust som Bryne-laget såg ut heime mot Strømsgodset. Episode blir det likevel, og vi går grundig gjennom 0–2-tapet mot drammensarane.Denne veka har det også hengt ei...
Frå frykt til fest
For ein kveld og for ein siger! Bryne reiste til Haugesund med ei tøff oppgåve framfor seg, men tok med seg alle tre poenga heim etter ein sterk 2–1-siger mot serieleiaren. Kampen som podkastduoen frykta på førehand, enda med jubel, lettelse og...
Kva er det som skjer med Bryne?
Bryne og Sandnes Ulf deler poenga i lokaloppgjeret på Bryne stadion. Podkastduoen legg ikkje skjul på at dei er skuffa over resultatet, og dei saknar større grep frå trenarteamet i eit forsøk på å endre kampbiletet undervegs.I spørsmålss...
Full brems på Nadderud, no ventar naboen!
Etter tre strake sigrar var håpet at Bryne skulle halda fram klatringa, men på Nye Nadderud sa det stopp. 2–0-tapet mot Stabæk blir grundig analysert, og vi er samde om at det først og fremst var den svake førsteomgangen som felte Bryne. Laget ...
Tre poeng, tippetips og turprat
I kveldens episode av Edder & Galle oppsummerer me kampen mot Åsane. Det blir kanskje ikkje den lengste kampgjennomgangen i historia, men det viktigaste er på plass: Bryne sikra seg tre poeng, og det er det ingen som klagar på....
Bislett-fest, tippefiasko og vind frå alle kantar
I dagens episode av Edder & Galle er det mykje å jubla for etter Bryne sin sterke 3–0-siger borte mot Lyn på Bislett. Fleire spelarar skal opp på børsen, og gutane går gjennom prestasjonane som la grunnlaget for tre viktige poeng i...
Poenga varma mest
Etter to kampar utan siger er vi tilbake på vinnarsporet. Hødd blir slått 1–0, og sjølv om kampen kanskje ikkje går inn i historiebøkene for den store underhaldningsverdien, leverer vi ein solid prestasjon og viser at vi er eit betre fotballag ...
Kupongen sat. Resten er framleis diskutabelt.
Ny episode av Edder & Galle er klar! Bryne har vore i aksjon igjen, men ny trepoengar lèt framleis venta på seg. Likevel finn Per Tore noko positivt å ta med seg frå kampen i Drammen, medan Ole Morten held litt meir igjen sjølv om også han ...
Ei uro har meldt seg
Episode to denne veka er ikkje for dei fintfølande sjelene. Etter eit blytungt 3–0 tap borte mot Raufoss, haglar det med krass kritikk frå Edder & Galle-panelet. Mykje manglar i laget, og særleg trenarbenken får hard medfart på børsen denne...
Bunad, ball og beinhard kritikk
På sjølvaste nasjonaldagen kjem ein ny episode av Edder & Galle.I denne episoden blir det sjølvsagt slakting av ein spelar sitt val denne veka, og me går grundig gjennom kampen på fotballens nasjonaldag. Me meiner Bryne Stadion viste...
Forrykande start og klassisk Bryne-avslutning
Bryne tok endeleg med seg alle poenga heim etter ein sterk bortekamp mot Moss på Melløs. Dei raudkledde opna kampen i forrykande tempo og gjekk til pause med ei solid 3–0-leiing. Sjølv om det blei nokre nervøse minutt på tampen og eit par ekstr...
Frå cruise control til bremsesvikt i overtida
Ein ny episode av Edder & Galle startar med det som skulle vere ein koseleg kveld for Bryne, men som sjølvsagt ikkje fekk lov til å vere det. 3–0 mot Sogndal burde vere spikra og klart, ferdig snakka, takk for i dag. I staden blir ...
Ein tung jubileumskveld på Bryne Stadion
I denne episoden av Edder & Galle tek me eit tungt oppgjer med kampen mot Odd. Me starta godt, med tru og energi, men så kom utligninga og med ho den snikande kjensla: skal det glippe igjen i dag og?Dessverre fekk den kjensla rett. P...
Ein start å gløyme men ein episode å høyre
I dagens episode av Edder & Galle er stemninga tung etter endå eit tap, denne gong mot EIK. Tre av tre tap i starten av sesongen gjer at praten fort blir prega av frustrasjon, og gutane prøver å setje ord på kva som eigentleg ikkje...
Poengtørke for Bryne, men jackpot i tippespalten
I denne episoden av Edder & Galle er stemninga prega av frustrasjon etter eit nytt tap for Bryne, denne gongen heime mot Ranheim. I spelarvurderinga må pisken fram att, for prestasjonane held ikkje mål. Sjølv om det finst nokre lys...
Bitre siffer, nye kampar og historisk drakt
I denne episoden av Edder & Galle tek vi føre oss det bitre 3–0-tapet på Gjemselund mot Kongsvinger. Er det grunn til uro, eller lyver resultatet?Det vart heller ikkje full klaff for podkast-duoen i tippe-spalta. Berre ein a...
Seriepremiere, spenning og store forventningar
No er ventetida snart over, og endeleg er det klart for kampar med tre poeng i potten. Bryne serieopnar borte mot Kongsvinger på Gjemselund måndag klokka 14.30, og stemninga byrjar verkeleg å byggje seg opp.For å hjelpe dykk gjennom dei ...
Frå cupskuffelse til draktdebatt
I denne episoden av Edder & Galle tek me føre oss cupkampen mot Brann, ein kamp som dessverre enda med at Bryne måtte takke for seg i cupen. Me sit att med kjensla av at kampbiletet kunne vore utnytta betre, for det var periodar der moglegh...
Cupspesial: Bryne - Brann
Bryne er klare for kvartfinale i cupen, der Brann kjem til Bryne Stadion. Tener Bryne på det igjen?Gjer grasmatta det like vanskeleg for Brann som ho var for Rosenborg? Vi håpar det og ladar opp med ein liten cupspesial før kampen.
Cupdrama på Bryne Stadion og spørsmål frå lyttarane
I denne episoden av Edder & Galle høyrar du sjølvsagt om den store snakkisen: cupbragda på Bryne Stadion der Bryne slo ut Rosenborg etter ekstraomgangar. Det var ein skikkeleg cupkamp, intens, nervepirrande og med ein stadion som l...