Edder & Galle
Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte tek deg med på ei engasjerande og innsiktsfull reise gjennom Bryne FK. I denne vekelege podkasten set duoen fokus på klubben – både på godt og vondt. Dei analyserer kampane, deler erfaringar, og har spennande gjester. I tillegg tek podkasten opp tema som er viktige for lytterne, og dei er alltid ute etter spørsmål og innspel frå lytterne om kva dei ønskjer at skal bli tatt opp i episodane.
Edder & Galle
Dramatisk avslutning og gjesten som dukka opp
Det vart ei dramatisk avslutning på OBOS-ligaen særleg i botnen av tabellen. Me samanfattar siste serierunde og ser litt på kvalikkampane som skal spelast om både opprykk til OBOS og Eliteserien. I tillegg til alt dette kjem gjesten som ikkje dukke opp sist episode, Hans-Øyvind Sagen er klar og fortel meir om kva han har gjort sidan han kom til Bryne som dagleg leiar og kva planane er rundt stadion og økonomi no som opprykket på Jæren er i boks.