Edder & Galle
Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte tek deg med på ei engasjerande og innsiktsfull reise gjennom Bryne FK. I denne vekelege podkasten set duoen fokus på klubben – både på godt og vondt. Dei analyserer kampane, deler erfaringar, og har spennande gjester. I tillegg tek podkasten opp tema som er viktige for lytterne, og dei er alltid ute etter spørsmål og innspel frå lytterne om kva dei ønskjer at skal bli tatt opp i episodane.
Edder & Galle
Kvalikkampene og slakting av Bryne-styret
Use Left/Right to seek, Home/End to jump to start or end. Hold shift to jump forward or backward.
I dag startar me med å diskutere kvalikkampen mellom Jerv og Mjøndalen, som vart eit avgjerande oppgjer for å sikre plassen i OBOS-ligaen.
Deretter får me besøk av Christian Thuessen frå Moss-leiren, som kjem inn for å bidra med innsikt og spådommar om den spennande kampen mellom Moss og FKH. Dette er eit oppgjer som avgjer kven som får den siste plassen i Eliteserien 2025.
Til slutt i denne episoden kjem nyheita om at styret i Bryne har anbefalt klubben å jobbe for VAR. Dette set verkeleg kok i oss, og vi har sterke meiningar om VAR i norsk fotball. Er det eigentleg noko vi treng? Eller er det berre eit steg mot eit meir byråkratisk og teknisk styrt spel?