.jpg)
Eder & Galle
Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte tek deg med på ei engasjerande og innsiktsfull reise gjennom Bryne FK. I denne vekelege podkasten set duoen fokus på klubben – både på godt og vondt. Dei analyserer kampane, deler erfaringar, og har spennande gjester. I tillegg tek podkasten opp tema som er viktige for lytterne, og dei er alltid ute etter spørsmål og innspel frå lytterne om kva dei ønskjer at skal bli tatt opp i episodane.
Eder & Galle
Tapet på Nordmøre, Varhaug og Skrettingpølser i cupen
I denne episoden av Eder & Galle får alle Bryne-spelarane poeng etter 2-1-tapet på Nordmrøe. Hobberst og Salte diskuterer også om Bryne er heldige som ikkje har tapt meir mot Kristiansund. Når det gjeld straffesituasjonen på slutten, er dei sa,de om hendinga. Begge meiner det er eit klart straffespark.
Så vender gutane blikket mot den kommande NM-runden mot Varhaug. Det er ein viss optimisme i lufta, men også ein god dose humor. Hobberst er tidleg ute med å spørje om dei har fått tak i Skrettingpølsene som tradisjonen tilseier og Salte er ikkje sein med å påpeike at ein ordentleg grillfest kan vere akkurat det dei treng etter ein kald janaur dag i 2024 på samme bane.