.jpg)
Eder & Galle
Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte tek deg med på ei engasjerande og innsiktsfull reise gjennom Bryne FK. I denne vekelege podkasten set duoen fokus på klubben – både på godt og vondt. Dei analyserer kampane, deler erfaringar, og har spennande gjester. I tillegg tek podkasten opp tema som er viktige for lytterne, og dei er alltid ute etter spørsmål og innspel frå lytterne om kva dei ønskjer at skal bli tatt opp i episodane.
Eder & Galle
Cup, Eliteserie og 2003: Kvar står klubben no?
Spørsmålsbonanza!
I tillegg:
🥔 Me ser tilbake på cupkampen mot Varhaug – blei det cupfest eller meir slit enn magi?
🏟️ Det kjem mange spørsmål om stadion, og me tek ein grundig prat om tribunene og kva som må på plass for å halda nivået oppe på stadion på kampdag.
⚽ 2. påskedag er det klart for kamp igjen – me ser fram mot heimeoppgjeret mot FK Haugesund i Eliteserien.
📅 Me samanliknar klubben i dag med 2003, sist me var i det gode selskap – kva har endra seg, og er me betre rusta no?