.jpg)
Eder & Galle
Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte tek deg med på ein innsiktsfull og engasjerande reisa gjennom Bryne FK og OBOS-ligaen. Dei vil ikkje berre dekkja Bryne FK, men også dykka inn i dei største og viktigaste hendingane i norsk fotball generelt.
Eder & Galle
Brannslukkinga gjekk skeis
I denne episoden av Eder & Galle tek Hobberst og Salten oss med på tur til Bergen – byen mellom dei sju fjella – der Bryne tok ein tidleg 2–0-leiing mot Brann. Alt såg lovande ut, men historia har ein tendens til å gjenta seg, og som før: det heldt ikkje. På overtid rakna det, og Brann stakk av med alle poenga. Det vart ein tung heimtur for duoen som allereie i forkant hadde åtvara seg sjølve – Bryne og 2–0 i Bergen er sjeldan ein trygg kombinasjon.
Oddstipsa til gutane får som vanleg stempelet skot i blinde, og så langt i sesongen har det vore meir minus enn pluss på kupongen. Men no, meiner dei, har dei funne gull – endeleg nokre spel som garantert skal slå til i neste runde (trur dei, i alle fall).
Fantasy-ligaen får også sin del av merksemda. Her vert det slakta i aust og vest.
Mot slutten av episoden ser dei fram mot bortekampen mot Rosenborg.