.jpg)
Eder & Galle
Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte tek deg med på ei engasjerande og innsiktsfull reise gjennom Bryne FK. I denne vekelege podkasten set duoen fokus på klubben – både på godt og vondt. Dei analyserer kampane, deler erfaringar, og har spennande gjester. I tillegg tek podkasten opp tema som er viktige for lytterne, og dei er alltid ute etter spørsmål og innspel frå lytterne om kva dei ønskjer at skal bli tatt opp i episodane.
Eder & Galle
Cupnerver, klokkeklar scoring og neste stopp: Molde!
I denne episoden tek me dykk med til den dramatiske cupkampen der Bryne sikra seg vidare avansement med eit mål heilt på tampen – berre to minutt før det ville blitt straffesparkkonkurranse. Med høg puls og lågt blodtrykk går me gjennom den intense avslutninga, der Bryne verkeleg viste cupform og kjempa seg vidare. Vidare tek me for oss lytterspørsmål. Til slutt rettar me blikket mot neste kamp: Molde på heimebane. Korleis skal Bryne angripe dette? Kva må til for å få med seg poeng?