.jpg)
Eder & Galle
Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte tek deg med på ein innsiktsfull og engasjerande reisa gjennom Bryne FK og OBOS-ligaen. Dei vil ikkje berre dekkja Bryne FK, men også dykka inn i dei største og viktigaste hendingane i norsk fotball generelt.
Eder & Galle
Nederlag, gevinst og tur til Drammen
I denne ferske episoden av Eder & Galle snakkar Hobberst og Salte om nederlaget mot Molde. Trass i skuffelsen meiner dei at Molde er eit betre lag enn tabellplasseringa tilseier – det synte dei tydeleg på bana. Likevel er det eit surt tap for gutane, som hadde håpa på meir mot laget frå rosenes by.
Men det finst lyspunkt: Tippinga har endeleg gjeve avkastning! Denne veka har dei treft blink, og premien – som alltid – går rett inn på kontoen som skal donerast til Barnekreftforeininga.
Snart ventar også ein tur for duoen. Fredag 16. mai – sjølvaste fotballens festdag – set Hobberst og Salte seg på flyet til Oslo og tek toget vidare til Drammen for å få med seg kampen Strømsgodset – Bryne på Marienlyst Stadion. Dei diskuterer kva vi kan forvente oss frå oppgjeret, både på bana og på tribuna.
Til slutt i episoden svarar dei på fleire interessante lyttarspørsmål, før dei kårar vinnaren av 1923-capsen i samband med Fotballtrøyefredag.