.jpg)
Eder & Galle
Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte tek deg med på ei engasjerande og innsiktsfull reise gjennom Bryne FK. I denne vekelege podkasten set duoen fokus på klubben – både på godt og vondt. Dei analyserer kampane, deler erfaringar, og har spennande gjester. I tillegg tek podkasten opp tema som er viktige for lytterne, og dei er alltid ute etter spørsmål og innspel frå lytterne om kva dei ønskjer at skal bli tatt opp i episodane.
Eder & Galle
Poeng i Drammen, cupen glapp, kritikken traff – og Fredrikstad lurer i horisonten
I vekas episode av Eder & Galle tek Hobberst og Salte oss med tilbake til 16. mai i Drammen, der Bryne drog på bortekamp mot Strømsgodset. Med låge forventningar i bagasjen lurte duoen på om det i det heile tatt var mogleg å få med seg poeng heim. Men Bryne svara med innsats og effektivitet – og jammen vart det ein lukkeleg tur tilbake i taxi mot Gardermoen. Riktignok ikkje utan ei viss uro og særs variabel humor under transporten.
Deretter går turen vidare til cupkampen mot KFUM. Gleda var stor då trekninga vart kjend – men dessverre enda det heile i skuffing då kampen først vart spelt. Ei gyllen moglegheit glapp mellom fingrane på Bryne, og det gjer vondt å tenkje på.
Som vanleg blir det også eit skråblikk på Brynes gjennomføring av kamparrangement. Her kjem det kritikk, og vertane legg ikkje fingrane imellom. Er du lettsår på vegner av klubben, kan det vere greitt å spole litt forbi dette segmentet.
Duoen ser også fram mot helgas kamp mot Fredrikstad. Det blir nok ei tøff utfordring, men med poenga frå Drammen friskt i minne, er det lov å håpe.