.jpg)
Eder & Galle
Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte tek deg med på ei engasjerande og innsiktsfull reise gjennom Bryne FK. I denne vekelege podkasten set duoen fokus på klubben – både på godt og vondt. Dei analyserer kampane, deler erfaringar, og har spennande gjester. I tillegg tek podkasten opp tema som er viktige for lytterne, og dei er alltid ute etter spørsmål og innspel frå lytterne om kva dei ønskjer at skal bli tatt opp i episodane.
Eder & Galle
Eliteserien er tilbake – og det er brått meiningstvang igjen
Podkastferien er over, og duoen er tilbake – småbleike, middels opplagde, men klare for å meine ting igjen. Først blir det litt snakk om treningskampen mot FK Haugesund. Var det noko som såg bra ut? Kanskje. Var det noko som såg litt så som så ut? Definitivt.
Deretter skal den heilage bunken med lytterspørsmål plukkast frå kvarandre. Ingenting er for smalt, for breitt eller for kranglete – alt skal få svar, anten det fortener det eller ei.
Så blir det tipping! Det er klart for ny runde i Eliteserien, og podkast-duoen prøver å gjette seg fram til rett tippetegn og kanskje ein slant til Barnekreftforeninga. Dei bommar sikkert, men det er tanken som tel.
Til slutt ser vi fram mot søndagskampen mot Sarpsborg. Eliteserien er endeleg i gang igjen, og Bryne skal ut og lufte seg – men korleis går det? Ingen veit, men me snakkar om det likevel.