.jpg)
Eder & Galle
Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte tek deg med på ei engasjerande og innsiktsfull reise gjennom Bryne FK. I denne vekelege podkasten set duoen fokus på klubben – både på godt og vondt. Dei analyserer kampane, deler erfaringar, og har spennande gjester. I tillegg tek podkasten opp tema som er viktige for lytterne, og dei er alltid ute etter spørsmål og innspel frå lytterne om kva dei ønskjer at skal bli tatt opp i episodane.
Eder & Galle
Hatet lever – og no smeller det!
I denne episoden av Eder & Galle har me mykje å ta tak i – men alt peikar mot det eine: hatoppgjeret mellom Bryne og Viking på ein fullsatt Bryne Stadion søndag kl. 14:30. Det blir krig på graset, og stemninga ligg allereie tjukt i lufta.
Me startar med ein kjapp tur innom Nordens Paris, der Bryne gjekk på eit surt 3–1-tap. Me deler ut børs til samtlige spelarar. Deretter rullar me inn i dei faste, folkekjære spaltene våre: Fantasy , tippetips og snapchat spørsmål frå dykk lyttarar.
Men så, KAMPEN alle snakkar om:
Hobberst har teke med seg mikrofonen ut på treningsfeltet og fått eksklusive kommentarar frå fleire sentrale Bryne-spelarar før møtet med erkefienden frå vest. Kva kjenner dei på? Korleis ladar dei opp? Kor mykje hat er det eigentleg i veggane?
Dette er meir enn ein fotballkamp. Det er land mot by. Tradisjon mot pengegalopp.
Bryne mot Viking – det handlar om kven me er.
Høyr episoden og kjenn på trøkket!