.jpg)
Eder & Galle
Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte tek deg med på ei engasjerande og innsiktsfull reise gjennom Bryne FK. I denne vekelege podkasten set duoen fokus på klubben – både på godt og vondt. Dei analyserer kampane, deler erfaringar, og har spennande gjester. I tillegg tek podkasten opp tema som er viktige for lytterne, og dei er alltid ute etter spørsmål og innspel frå lytterne om kva dei ønskjer at skal bli tatt opp i episodane.
Eder & Galle
Me analyserer alt – bortsett frå oss sjølve
I vekas episode tek Hobberst og Salte for seg spelarbørsen etter det sviande tapet mot Molde. Dei går gjennom innsatsen til spelarane i kampen, og ser samstundes på korleis børsen har utvikla seg no som halvspela sesong er eit faktum.
Robert Undheim stikk innom for ein ærleg prat om skademarerittet som var nær ved å knekkja både motivasjonen og karrieren. I tillegg får me høyre frå Kristian Skurve Håland, som svarar på rykta om interesse frå utanlandske klubbar.
Det blir sjølvsagt også dei faste spaltene: Fantasy, Tippetips og Anonyme Snapchat-spørsmål.
Heilt til slutt rettar dei blikket mot neste motstandar: KFUM Oslo.