.jpg)
Eder & Galle
Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte tek deg med på ei engasjerande og innsiktsfull reise gjennom Bryne FK. I denne vekelege podkasten set duoen fokus på klubben – både på godt og vondt. Dei analyserer kampane, deler erfaringar, og har spennande gjester. I tillegg tek podkasten opp tema som er viktige for lytterne, og dei er alltid ute etter spørsmål og innspel frå lytterne om kva dei ønskjer at skal bli tatt opp i episodane.
Eder & Galle
Når motvinden blæs – må fellesskapet stå fast
I denne vekas episode av Eder & Galle er dei faste jinglane tilbake, og me får som vanleg ein tur innom både fantasy og tippe-tipsa, der gevinsten går til Barnekreftforeininga. Det har blitt endringar i den interne konkurransen – no er det faktisk ein av Hobberst eller Salte som har teke leiinga!
Lyttarane får òg høyre svar på anonyme Snapchat-spørsmål, som denne gongen tek oss med på ein skikkeleg farsetur på Jæren. I tillegg blir det gjennomgang av dei innsendte spørsmåla frå sosiale medium elles.
Hovuddelen av episoden tek for seg den tunge og vonde Bryne-saka som har prega media den siste tida. Hobberst og Salte oppsummerer møtet og drøftar situasjonen, men dei er samde om at laget no må kome til forsoning ut sesongen for å berga plassen i Eliteserien.
Blikket blir òg retta framover mot helga si kamp mot Tromsø – kva utfordringar kan nordlendingane by på, og korleis kan Bryne sikre dei livsviktige poenga?