Edder & Galle
Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte tek deg med på ei engasjerande og innsiktsfull reise gjennom Bryne FK. I denne vekelege podkasten set duoen fokus på klubben – både på godt og vondt. Dei analyserer kampane, deler erfaringar, og har spennande gjester. I tillegg tek podkasten opp tema som er viktige for lytterne, og dei er alltid ute etter spørsmål og innspel frå lytterne om kva dei ønskjer at skal bli tatt opp i episodane.
Edder & Galle
Trua er tilbake – kven skulle tru det?
Bryne slo Brann, og stemninga i studio er på topp! Gutane går gjennom kampen med spelarbørs, og til og med den mest pessimistiske røysta i podkasten er blitt overtydd: Dette laget skal i det minste ta kvalikplassen til Eliteserien. Kanskje kan det til og med bli trygg plass?
Lyttarane har sendt inn mange spørsmål. Nokre er urolege for kvar ein eventuell kvalikkamp må spelast, andre lurer på kven som bør få vere med vidare og kven som har gjort sitt. Alt dette og mykje meir får du svar på i dagens episode.
Til slutt rettar vi blikket mot oppgjeret mot Bodø/Glimt. Er det håp for Bryne denne gongen? Vi ser på ståa i begge laga og kven som er klare til kamp.