Edder & Galle
Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte tek deg med på ei engasjerande og innsiktsfull reise gjennom Bryne FK. I denne vekelege podkasten set duoen fokus på klubben – både på godt og vondt. Dei analyserer kampane, deler erfaringar, og har spennande gjester. I tillegg tek podkasten opp tema som er viktige for lytterne, og dei er alltid ute etter spørsmål og innspel frå lytterne om kva dei ønskjer at skal bli tatt opp i episodane.
Edder & Galle
Håp, tru og litt desperasjon
I vekas episode av Edder & Galle byr det som vanleg på børs etter eit 5-0 tap nordpå mot Bodø/Glimt. Dei fleste hadde vel lite tru på poeng på Aspmyra, og fasiten vart som venta tung. Hobberstad og Salte kikkar også på det vesle håpet som framleis finst for å unngå kvalik. Ja, vi må kanskje omtale det som eit lite håp, men det er der. Samtidig vurderer dei kven dei helst vil møte dersom Bryne likevel hamnar i kvalik, noko som gjer at gutane verkar innstilte på ein utvida sesong.
Til slutt er dei innom landslaget som står framfor ei avgjerande kamp mot Estland komande torsdag på Ullevaal. Italia ventar på sundag, og der håpar dei at det heile kan bli ein rein parademarsj.