Edder & Galle
Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte tek deg med på ei engasjerande og innsiktsfull reise gjennom Bryne FK. I denne vekelege podkasten set duoen fokus på klubben – både på godt og vondt. Dei analyserer kampane, deler erfaringar, og har spennande gjester. I tillegg tek podkasten opp tema som er viktige for lytterne, og dei er alltid ute etter spørsmål og innspel frå lytterne om kva dei ønskjer at skal bli tatt opp i episodane.
Edder & Galle
Edder & Galle lader opp til nervepirrande helg
I denne vekas episode av Edder & Galle blir det litt prat om landslaget. Panelet er godt nøgde med at Erling Braut Håland skal dra resten av Noreg med seg til VM i 2026.
Det blir sjølvsagt også satsa i tippehjørnet, og denne gongen går gutane skikkeleg høgt ut.
Lyttarane har sendt inn fleire kjekke spørsmål som blir tatt opp i studio.
Til slutt snakkar dei om helgas kamp heime mot Sarpsborg 08. Bryne kan framleis unngå kvalik, men mykje kjem an på kampen i Oslo dagen før når Vålerenga får besøk av KBK. Edder & Galle er spente før ei viktig fotballhelg.