Edder & Galle
Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte tek deg med på ei engasjerande og innsiktsfull reise gjennom Bryne FK. I denne vekelege podkasten set duoen fokus på klubben – både på godt og vondt. Dei analyserer kampane, deler erfaringar, og har spennande gjester. I tillegg tek podkasten opp tema som er viktige for lytterne, og dei er alltid ute etter spørsmål og innspel frå lytterne om kva dei ønskjer at skal bli tatt opp i episodane.
Edder & Galle
På veg inn i kvalik: uro, spørsmål og håp
I denne episoden av Edder & Galle er det merkbart dårleg stemning i studio. Bryne har tapt heime mot Sarpsborg 08, og prestasjonen gav lite å glede seg over. No må laget ut i kvalik for å redde plassen i Eliteserien, men først ventar bortekamp mot FKH i Haugesund. Der handlar det mest om å få tilbake litt sjølvtillit og å bygge opp trua før kvaliken, sjølv om ingen enno veit kven motstandaren blir.
Panelet går gjennom det meste av det som skjer rundt klubben, både sportsleg og utanfor bana. Det kjem mange spørsmål frå lyttarane, om alt frå spelet på bana til marknadsarbeidet i klubben. Som vanleg svarer gjengen i studio heilt ærleg, sjølv om humøret er litt gråare enn vanleg etter den svake Bryne-kampen.