Edder & Galle
Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte tek deg med på ei engasjerande og innsiktsfull reise gjennom Bryne FK. I denne vekelege podkasten set duoen fokus på klubben – både på godt og vondt. Dei analyserer kampane, deler erfaringar, og har spennande gjester. I tillegg tek podkasten opp tema som er viktige for lytterne, og dei er alltid ute etter spørsmål og innspel frå lytterne om kva dei ønskjer at skal bli tatt opp i episodane.
Edder & Galle
Det går jo bra… eller?
I denne episoden av Edder & Galle kjem duoen inn i studio med eit breitt glis etter at Bryne slo Haugesund 4–1 på bortebane i araberenes by. Dei prøver riktignok å halde litt igjen når dei set børsen, for motstanden var kanskje ikkje heilt av den skarpaste sorten.
Lyttarane har sendt inn haugevis av spørsmål, og guttene svarar på alt dei rekk, frå kven som bør starte neste kamp til kor mykje ein eigentleg tør å tru på Eliteserien 2026. No ventar Aalesund over to kampar i kvaliken om den siste plassen.
Hobberst og Salte er ikkje heilt overtydde, men dei klarer heller ikkje å skjule at dei kjenner eit lite håp som lurar. Kanskje dette faktisk kan tippe Bryne sin veg.