Edder & Galle

Nedrykket – Del 2: Var det opprykket som skjulte sprekkene?

Season 1 Episode 69

I del to av Nedrykket går me tett på ein av dei mest intense og følelsesladda periodane i nyare Bryne-historie. For kva skjer når suksessen kjem raskare enn nokon hadde trudd?

Me startar med kvalikdramaet i 2023. Kampane mot Raufoss, pubane heime som kokte over, Start-fadesen med varmeanlegget – og til slutt straffetapet mot KBK. Trass i skuffinga sat kjensla igjen: Dette er meir enn godt nok. Kanskje betre enn me våga å seie høgt.

Så kjem 2024-sesongen. Året ingen trudde var mogleg. Jamn poengfangst, ein stadig tydelegare Kevin Knappen på sidelinja – og ein klubb som berre veks. 2. plass, direkte opprykk, fullsett stadion og ein by i ekstase. Bryne er tilbake der mange meiner dei høyrer heime.

Men medan jubelen står høgt, blir det stille rundt det som skurrar. I denne episoden spør me kvifor. Kvifor vart ingenting problematisert? Handla det om frykt, respekt – eller om resultat som fungerte som munnkorg?

Episoden rundast av i overgangen til Eliteserien. Optimismen rår. Ambisjonane er store.
 «Me skal sjarmere Norge.»

Spørsmålet er berre kva som følgjer med opp.