Edder & Galle
Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte tek deg med på ei engasjerande og innsiktsfull reise gjennom Bryne FK. I denne vekelege podkasten set duoen fokus på klubben – både på godt og vondt. Dei analyserer kampane, deler erfaringar, og har spennande gjester. I tillegg tek podkasten opp tema som er viktige for lytterne, og dei er alltid ute etter spørsmål og innspel frå lytterne om kva dei ønskjer at skal bli tatt opp i episodane.
Edder & Galle
Nedrykket – Del 4: Då alt rakna
I den fjerde episoden av Nedrykket følgjer Edder & Galle dei siste, skjøre håpa og augeblikket då alt fell saman.
Innspurten i Eliteserien gir eit lite glimt av tru. Resultat andre stader, kvalikplassen innan rekkevidd, og kjensla av at det kanskje kan gå likevel. Tapet mot Sarpsborg 08 svir, men sesongen lever. Så kjem kvaliken, og med den optimismen. Den litt farlege optimismen. For sjølv om frykta for Aalesund ligg der, er det mange som tenkjer: Dette tek me.
Det gjer me ikkje.
3000 menneske på stadion får sjå eit Bryne-lag som kollapsar fullstendig. 0–4 heime. Ingen trykk. Ingen sjansar. Eit uttrykk som reiser fleire spørsmål enn det gir svar. Returoppgjeret gir eit lite plaster på såret, betre spel, 1–0-siger, men det er for lite, for seint.
Etterpå startar den verkelege kampen: Kven eig ansvaret når ein klubb fell? Trenaren? Spelarane? Styret? Og kva skjer med små klubbar som prøver å overleva i stadig større rom?