Edder & Galle

Trenarar, Bondehæren og alt lyttarane lurte på

Season 1 Episode 72

Edder & Galle er tilbake, akkurat sånn det skal vera. Denne gongen har me gjort det enkelt og latt lyttarane finna på kva me skal snakka om. Det har ramla inn alt mogleg av spørsmål, og me pløyer oss gjennom bunken med like delar synsing, skråsikkerheit og kødd.

Men først: trenarar. Ørjan Heiberg er på plass som hovudsjef i Bryne, og no har han fått med seg Børre Steenslid som assistent. Kva slags duo er dette? Blir det hard pisk, mjuk klem, eller ein god miks? Me prøver å lesa teblada og setja saman bildet av kven som faktisk skal styra dette prosjektet.

Derifrå går praten vidare i alle retningar: Bondehæren, Store Stå, spelarar inn, spelarar ut, og alt det andre ein Bryne-supportar eigentleg går og lurer på. Litt struktur, mykje kaos men akkurat slik ein Edder & Galle-episode skal vera.