Edder & Galle
Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte tek deg med på ei engasjerande og innsiktsfull reise gjennom Bryne FK. I denne vekelege podkasten set duoen fokus på klubben – både på godt og vondt. Dei analyserer kampane, deler erfaringar, og har spennande gjester. I tillegg tek podkasten opp tema som er viktige for lytterne, og dei er alltid ute etter spørsmål og innspel frå lytterne om kva dei ønskjer at skal bli tatt opp i episodane.
Edder & Galle
Frå cupskuffelse til draktdebatt
Use Left/Right to seek, Home/End to jump to start or end. Hold shift to jump forward or backward.
I denne episoden av Edder & Galle tek me føre oss cupkampen mot Brann, ein kamp som dessverre enda med at Bryne måtte takke for seg i cupen. Me sit att med kjensla av at kampbiletet kunne vore utnytta betre, for det var periodar der moglegheitene var der, men det mangla litt på dei avgjerande vala og det siste trykket framover. Likevel er det ikkje berre svartmaling, laget går av bana med heva hovud og har mykje å byggje vidare på.
Vidare tek me for oss nokre innsendte spørsmål frå lyttarane. Eit av dei store temaa er troppen slik han ser ut no, om ein skal halde fram med det ein har eller om det trengst friskt blod. Me diskuterer om stallen verkeleg er så spennande som nokre meiner og kjem med våre eigne tankar som kanskje ikkje er heilt det du forventar.
Til slutt snakkar me om den nye Bryne-drakta. Førsteinntrykket var positivt, men etter litt meir ettertanke byrjar me å sjå ho med litt andre auge. Har me vore for raske til å dømme eller for snille?
Alt dette og litt til får du i denne episoden av Edder & Galle.