Edder & Galle
Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte tek deg med på ei engasjerande og innsiktsfull reise gjennom Bryne FK. I denne vekelege podkasten set duoen fokus på klubben – både på godt og vondt. Dei analyserer kampane, deler erfaringar, og har spennande gjester. I tillegg tek podkasten opp tema som er viktige for lytterne, og dei er alltid ute etter spørsmål og innspel frå lytterne om kva dei ønskjer at skal bli tatt opp i episodane.
Edder & Galle
Seriepremiere, spenning og store forventningar
Use Left/Right to seek, Home/End to jump to start or end. Hold shift to jump forward or backward.
No er ventetida snart over, og endeleg er det klart for kampar med tre poeng i potten. Bryne serieopnar borte mot Kongsvinger på Gjemselund måndag klokka 14.30, og stemninga byrjar verkeleg å byggje seg opp.
For å hjelpe dykk gjennom dei siste dagane før avspark har vi sett saman ein episode stappa med godt innhald. Her får de vårt store tabelltips før sesongstart, dei etterlengta tippetipsa er tilbake, og vi peikar ut fleire spel vi meiner det kan vere verdt å sjå nærare på.
Sjølvsagt tek vi også ein grundig prat om den komande kampen mot KIL og kva vi kan vente oss når sesongen endeleg sparkast i gang.
I tillegg får de høyre frå fleire spennande stemmer rundt laget og klubben. I denne episoden møter de Remi Svinland, Nicklas Strunck, Lars Erik Sødal, Kristoffer Hay, Paya Pichkah, Jacob Haahr Steffensen og trenar Ørjan Heiberg.
Dette er episoden du må få med deg før serieopninga.