Edder & Galle
Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte tek deg med på ei engasjerande og innsiktsfull reise gjennom Bryne FK. I denne vekelege podkasten set duoen fokus på klubben – både på godt og vondt. Dei analyserer kampane, deler erfaringar, og har spennande gjester. I tillegg tek podkasten opp tema som er viktige for lytterne, og dei er alltid ute etter spørsmål og innspel frå lytterne om kva dei ønskjer at skal bli tatt opp i episodane.
Edder & Galle
Kva er det som skjer med Bryne?
Use Left/Right to seek, Home/End to jump to start or end. Hold shift to jump forward or backward.
Bryne og Sandnes Ulf deler poenga i lokaloppgjeret på Bryne stadion. Podkastduoen legg ikkje skjul på at dei er skuffa over resultatet, og dei saknar større grep frå trenarteamet i eit forsøk på å endre kampbiletet undervegs.
I spørsmålsspalta går det att at mange meiner Bryne må vere modigare frå sidelinja. Fleire etterlyser større og meir treffsikre grep under kampane, og meiner laget ofte er for seint ute med å påverke utviklinga.
Det blir òg diskutert om engasjementet rundt Bryne er på veg ned. Det skuffande tilskodartalet på berre 1.800 i lokaloppgjeret blir trekt fram som ein mogleg indikator, og reiser spørsmål om interessa rundt klubben er dalande.