
David Storoy's Podcast
David Storoy's Podcast
Øyvind Strømmen: Dei siste dagane har eg – ved fleire høve – sett folk bruka ordet "woke" i kritikk med uklår adresse
Øyvind Strømmen: Dei siste dagane har eg – ved fleire høve – sett folk bruka ordet "woke" i kritikk med uklår adresse.
Øyvind Strømmen (født 1980) er en norsk politiker, journalist, oversetter og forfatter. De siste årene har han kartlagt de kontrajihadistiske og høyreekstreme miljøer på internett. Strømmen har i en årrekke vært landsstyremedlem og listekandidat ved valg for Miljøpartiet De Grønne.
Øyvind Strømmen – Wikipedia
«Det er ikkje noko nytt, sjølvsagt, både kulturkrigarar til høgre, Trygve Slagsvold Vedum og enkelte venstreraddisar har tidlegare gjort det same. Men eg er lei. Inderleg og møkk lei.
Grunnen? Vel, for det fyrste, så er dette "woke" slett ikkje ei rørsle. Det er eit ord som i utgangspunktet handla om å vera merksam på og reagera på rasisme og diskriminering. Sidan har det vorte kapra av amerikansk høgreside og britiske tabloidaviser, og i aukande grad også teke i bruk av europeiske høgreradikalarar, som eit slags skjellsord på alt dei ikkje liker.
Sinne på grunn av politivald? "Woke". Kampen for homofile sine rettigheiter? "Woke". Homofile rollepersonar i TV-seriar? "Woke". Ei teikna, svart havfrue? "Woke". Kvinnelege hovudpersonar i Star Wars-universet? "Woke, woke, woke". Kvinner i Secret Service? "Woke". Veggisar? "Woke". Å ta klimaendringar på alvor? "Woke". Donald Trump har til og med snakka om korleis han vil sparka woke generalar i det amerikanske forsvaret, sjølvsagt utan å seia noko vidare om kva han meinte med det.
Men joda, sidan verken amerikansk høgreside, europeiske høgreradikalarar eller britisk tabloidpresse består av berre komplette idiotar: sjølvsagt nyttar dei også skjellsordet mot ting fleire kan koma til å reagera på. Ein eller annan på venstresida seier eller meiner noko dumt? Det er ikkje dumt lenger no, det er "woke". Ein universitetsstudent har skrive noko teit på X? "Woke".
At nordmenn – og det inkluderer nordmenn fjernt frå den amerikanske høgresida – har teke til bruken av "woke" som skjellsord, og jamvel låner forståingar av ordet frå ytre høgre, vel, det er berre og utelukkande trist. At omgrepet blir pressa inn i norsk debatt er eit utslag for dårleg tenkning, dårleg retorikk og dårleg politikk, og bidreg til å gjera meir av samfunnsdebatten om til ei innhaldslaus gjørme.
Ja, det er faktisk eit utslag for det same som Welhaven sa noko om i sitt dikt frå 1834, Norges Dæmring: "Du gjærer med, mens Verden er i Gjære; Du er blot mere hoven og fatal: En norsk Kopi af fremmede Kopister".
Du kan lese mer i bloggen - bevissthetsvitenskap.com/post/finnes-det-en-kulturkrig-er-woke-overdrevet-en-analyse-av-hva-vi-liker-og-misliker-i-dagens-verden